Alle rettleiingane

Nokon i kalenderen har gått bort

Vi er lei for det. Det hastar ikkje, men kalenderen og betalinga stoppar ikkje av seg sjølv. Gjer det når de er klare.

Vis meg i appen
  1. Steg 1: Trykk på «For pårørande» øvst på kalenderen

  2. Steg 2: Skriv koden for pårørande

    Har du gløymt koden, trykk «Gløymt koden?» under feltet.

  3. Steg 3: Vil de ta vare på avtalane? Trykk «Last ned kalenderen» under «Slette»

    Du får ei fil med alt i kalenderen. Hopp over dette om de ikkje treng ho.

  4. Steg 4: Trykk «Slett kalenderen»

    Avtalar, personar, e-postadresser og opplesingar blir sletta, og skjermane blir logga ut. Vipps-avtalen blir stoppa, så det blir ingen fleire trekk. Berre den som laga kalenderen, kan slette han.

  5. Steg 5: Er kalenderen òg for andre? Fjern berre personen under «Personar»

    Trykk «Fjern» ved namnet. Avtalane til personen blir liggjande utan namn, så slett dei du ikkje vil sjå. Har personen ei eiga e-postadresse, kan du slette ho under «E-post».

  6. Steg 6: Var det den som laga kalenderen, som gjekk bort? Skriv til oss

    Då kan ingen andre slette kalenderen eller stoppe betalinga. Send ein e-post til post@flai.no frå e-posten du bruker i MinnMeg, og skriv namnet på kalenderen. Vi stoppar betalinga og slettar kalenderen. Vil de bruke han vidare, kan vi i staden gi ein av dykk rolla til den som laga han.